Nerdby
Tilbake til alle tips
Frå nerden

Slik gjer eg Mac-en til ein arbeidsmaskin

|8 min lesing

Eg brukar Mac-en fleire timar kvar dag, og over tid har eg bygd opp eit oppsett som gjer at eg kan jobbe raskare med mindre klikking. Eg er ein tastatur-person. Jo meir eg kan gjere utan å flytte hendene frå tastaturet, jo betre. Her er alt eg installerer og endrar på ein ny Mac.

Vindushandtering: Paneless

Eg vart lei av å dra og justere vindauge manuelt. Kvifor skal eg bruke tid på å plassere eit vindu der eg vil ha det, når datamaskina kan gjere det sjølv?

macOS Tahoe har faktisk fått ganske brukbar innebygd vindushandtering no, med snapping og tastatursnarvegar for å flytte vindauge til halvskjerm. For mange er det godt nok. Men eg ville ha meir.

Eg bygde min eigen vindushandterar: Paneless. Den gjer vindushandtering smertefritt (derav namnet). Her er kva den kan:

  • Automatisk tiling: Nye vindauge plasserer seg automatisk i eit rutenett. Du treng ikkje dra noko.
  • Virtuelle arbeidsområde (workspaces): 9 arbeidsområde per skjerm som du byttar mellom med Alt+1-9. Mykje raskare enn native macOS Spaces fordi det er ingen animasjonsforsinkelse. Du kan namngi dei (t.d. "1:Kode", "2:Nettlesar", "3:Chat") og sjå dei i menylinja.
  • To tiling-moduser: Standard modus med master-vindauge + stabel, eller "Niri-modus" med uendelege horisontale kolonner som du scrollar mellom.
  • Vindus-dimming: Ufokuserte vindauge dimmast subtilt, så du alltid ser kva som er aktivt.
  • Smarte reglar: Du kan pinne appar til bestemte arbeidsområde (Slack alltid på workspace 3), gjere appar "sticky" så dei er synlege overalt (t.d. musikkspelaren), eller setje appar til å alltid flyte fritt.
  • GPU-animasjonar: Mjuke animasjonar når vindauge opnar seg, lukkar seg, eller flyttar seg.
  • Vim-stil merke: Tag eit vindu med eit bokstav-merke og hopp til det med eitt trykk, sjølv på tvers av arbeidsområde.
  • Fungerer med fleire skjermar: Kvart display har sine eigne uavhengige arbeidsområde.

Alt styrast med tastaturet. Alt+Shift+H/L for å bytte fokus, Alt+Shift+Space for å byte layout, Alt+1-9 for arbeidsområde. Hendene forlèt aldri tastaturet.

Installerast med: brew install --cask DYNNIwav/paneless/paneless

Enklare alternativ: macOS Tahoe si innebygde vindushandtering, Rectangle (gratis), eller Magnet (betalt). Alle er betre enn ingenting.

Terminal: Ghostty

Dei fleste brukar Terminal.app som kjem med Mac-en. Det fungerer, men det finst betre alternativ. Eg brukar Ghostty, ein moderne terminalemulator som er rask, pen, og konfigurerbar.

Kvifor byte terminal?

  • Fart: Ghostty rendrar tekst med GPU, så den er merkbart raskare
  • Faner og splittar: Fleire terminalvindauge side om side
  • Utsjånad: Konfigurer fargar, skrifttype, og transparens

Andre gode alternativ: iTerm2 (mest populære), Warp (moderne med AI-hjelp), eller Kitty.

Tastatursnarveiar som sparar timar

Det raskaste du kan gjere for å bli meir effektiv på Mac-en er å lære tastatursnarveiar. Eg prøver å halde hendene på tastaturet så mykje som mogleg. Her er dei eg brukar oftast:

System-snarveiar

  • ⌘ + mellomrom: Spotlight (søk etter alt, opne appar, rekne ut)
  • ⌘ + Tab: Bytt mellom appar
  • ⌘ + `: Bytt mellom vindauge i same app
  • ⌘ + Q: Lukk appen (ikkje berre vindauget)
  • ⌘ + W: Lukk vindauget
  • ⌘ + ,: Opne innstillingar i nesten kva som helst app
  • Ctrl + ⌘ + Q: Lås skjermen med ein gong (mykje raskare enn å bruke musa)
  • Ctrl + ↑: Mission Control (oversikt over alle vindauge)
  • Ctrl + ←/→: Bytt mellom skrivebord

Tekstredigering (fungerer overalt)

  • ⌥ + ←/→: Flytt markøren eitt ord om gongen
  • ⌘ + ←/→: Flytt markøren til starten/slutten av linja
  • ⌥ + Shift + ←/→: Marker eitt ord om gongen (denne brukar eg heile tida)
  • ⌘ + Shift + ←/→: Marker til starten/slutten av linja
  • ⌘ + Backspace: Slett heile linja
  • ⌥ + Backspace: Slett eitt ord

Desse fungerer i alle appar. Spesielt ⌥+Shift+piltastar for å markere ord er noko dei fleste ikkje kjenner til, men som sparar masse tid når du redigerer tekst.

Spotlight: Kommandosentralen din

⌘ + mellomrom er den viktigaste tastatursnarveien på ein Mac. Dei fleste brukar Spotlight berre til å opne appar, men det er som å kjøpe ein Ferrari og berre køyre til butikken.

Med macOS Tahoe har Spotlight blitt skikkeleg kraftig. Det er ikkje berre eit søkefelt lenger, det er ein kommandosentral.

Ting du kan gjere utan å forlate Spotlight

  • Rekning: Skriv "42 * 1.25" og få svaret direkte. Fungerer med prosent, parentesar, alt
  • Valuta: Skriv "100 USD i NOK" og få kursen i sanntid
  • Einingar: "180 cm i feet", "2.5 liter i dl", "25 celsius i fahrenheit"
  • Ordbok: Skriv eit ord for å slå opp definisjonen
  • Fil-søk: Finn dokument, bilete, og anna på sekundet
  • Kontaktar: Søk etter ein person for å sjå telefonnummer og e-post
  • Vêr: Skriv "vær" eller "vær Bergen" for vêrmelding
  • Timer: Skriv "timer 10 minutter" for å starte ein nedtelling
  • Innstillingar: Skriv "Bluetooth" for å hoppe rett til den innstillinga
  • Utklippstavle-historikk: Finn att ting du har kopiert tidlegare. Aldri meir "oi, eg kopierte over det eg trengte"
  • Handlingar: Hundrevis av hurtighandlingar utan å opne ein einaste app

Du treng nesten aldri å opne Kalkulator, Ordbok, eller Systeminnstillingar att.

Raycast: For dei som vil ha endå meir

Spotlight dekker det meste no, men viss du er typen som vil presse det endå lenger, sjekk ut Raycast (gratis). Det erstattar Spotlight og legg til:

  • Snippets: Lagre tekst du brukar ofte (e-postadresser, standardsvar, kodeblokkar) og lim dei inn med eit søkeord
  • Utvidingar: Tusenvis av fellesskaps-utvidingar for GitHub, Notion, Slack, Jira, Spotify, Brew, og meir. Skriv "GitHub" og sjå nyleg besøkte repos, pull requests, osv. direkte
  • Systemkommandoar: "sleep", "shutdown", "empty trash", "eject all" direkte frå søkefeltet
  • Scripting: Skriv eigne kommandoar i Python, Bash, eller JavaScript

For dei fleste er Spotlight i macOS Tahoe meir enn godt nok. Raycast er for oss som vil nerde det heilt ut.

Aktive hjørner: Tips for muse-brukarar

Eg er som sagt mest ein tastatur-person, men viss du likar å bruke musa, er Aktive hjørner ein undervurdert macOS-funksjon. Du tilordnar ein handling til kvart hjørne av skjermen. Når du flyttar musa dit, skjer handlinga.

Systeminnstillinger > Skrivebord og Dock > Aktive hjørner (heilt nederst)

Eit godt oppsett kan vere:

  • Øvste venstre: Mission Control (oversikt over alt)
  • Øvste høgre: Skrivebord (vis skrivebordet)
  • Nedste venstre: Hurtignotat
  • Nedste høgre: Låseskjerm

Sjølv brukar eg heller Ctrl + ⌘ + Q for å låse skjermen og tastatursnarvegar for det meste anna. Men for dei som foretrekk musa, er aktive hjørner gull.

Finder-tips dei fleste ikkje kjenner

Vis skjulte filer

Trykk ⌘ + Shift + . (punktum) i Finder for å vise skjulte filer. Trykk igjen for å gøyme dei. Nyttig for å finne .env-filer, .git-mapper, og anna.

Sti-linja

Vis > Vis stilinje i Finder. No ser du alltid den fulle stien til mappa du er i, nede i vindauget. Du kan dobbeltklikke på kva som helst mappe i stien for å hoppe dit.

Hurtigvisning

Marker ei fil og trykk mellomrom. Du får ei førehandsvisning utan å opne fila. Fungerer med bilete, PDF-ar, dokument, videoar, og meir. Trykk mellomrom igjen for å lukke.

Skrivebordsorganisering: Stabler

Viss skrivebordet ditt ser ut som eit kaos av filer, høgreklikk på skrivebordet og vel "Bruk stabler". No grupperer macOS filene automatisk etter type (bilete, dokument, skjermbilete, osv.) i ryddige stablar.

Eit par system-endringar

Raskare Dock

Dock-en har ein forsinkelse når du gøymer den. Fjern den:

Opne Terminal og skriv:

defaults write com.apple.dock autohide-delay -float 0
defaults write com.apple.dock autohide-time-modifier -float 0.3
killall Dock

No dukkar Dock-en opp med ein gong i staden for å vente.

Repeter tastar i staden for å vise spesialteikn

Som standard, viss du held inne ein tast, får du ein meny med aksentar (é, è, ê osv.). Viss du heller vil at tasten skal repeterast (nyttig for spel og koding):

defaults write NSGlobalDomain ApplePressAndHoldEnabled -bool false

Vis filendingar

macOS gøymer filendingar som standard (.pdf, .jpg, osv.). Slå det på:

Finder > Innstillinger > Avansert > Huk av "Vis alle filendelser"

Appar eg installerer med ein gong

  • Paneless - Vindushandtering med virtuelle arbeidsområde (ja, eg dreg den igjen)
  • Raycast - Spotlight-erstattar med snippets, utvidingar og scripting
  • Ghostty - Rask, GPU-akselerert terminal
  • Xnip - Skjermbilete-verktøy med annotasjon, blurring, og steg-nummerering (gratis alternativ: Shottr)
  • BetterDisplay - Kontroller volum og lysstyrke på eksterne skjermar, pluss full kontroll over oppløysing og skalering
  • Tuna - Leader key-launcher av mikker. Trykk ein tast, vent, trykk neste, utfør ein handling. Rask og elegant måte å køyre kommandoar utan å hugse kompliserte snarveiar
  • Zen Browser - Nettlesar basert på Firefox med fokus på minimalistisk design og personvern
  • Mac Mouse Fix - Gjer vanlege musar like gode som Magic Mouse (scrolling, knappar, gestures)

Vil du ha hjelp med å optimalisere Mac-en din? Anten du er nybyrjar eller erfaren, kan eg kome heim og sette opp eit oppsett som er tilpassa akkurat korleis du jobbar.

Treng du hjelp?

Slipp å bruke tid på det sjølv. Book ein time, så ordnar eg resten.

Book ein time