Automasjonar som sparar meg tid kvar dag
Eg er lat. Eller, eg likar å kalle det effektiv. Kvifor gjere noko manuelt når telefonen kan gjere det for meg? Eg har brukt ein del tid på å setje opp automasjonar på iPhone og Mac, og no gjer dei kvardagen merkbart smidigare.
Her er oppsettet mitt, steg for steg, så du kan stele det du likar.
Godnattritualen: Telefon på lading = heile leilegheita av
Dette er favoritten min. Når eg legg telefonen på ladaren på nattbordet, køyrer "God natt"-scena i Hjem-appen automatisk. Alle lys, omnar, og alt anna som er kopla til slår seg av. Heile leilegheita legg seg.
Trikset er at automasjonen berre køyrer når Søvn-fokus er aktiv. Søvn-fokus slår seg på automatisk ved sengetida mi (sett opp i Helse-appen). Så viss eg ladar telefonen midt på dagen, skjer det ingenting. Men når det er sengetid og eg set telefonen på lading? Alt av.
Slik set du det opp
Steg 1: Lag ein "God natt"-scene i Hjem-appen
- Opne Hjem-appen
- Trykk + og vel Legg til scene
- Gi scena namnet "God natt"
- Legg til alle lys, omnar og einingar du vil slå av
- Sett alt til av
Steg 2: Set opp Søvn-fokus med sengetid
- Opne Helse-appen
- Gå til Søvn og sett opp ein søvnplan (t.d. sengetid 23:00, vekkjarklokke 07:00)
- Dette aktiverer automatisk Søvn-fokus ved sengetida di
Steg 3: Lag ladar-automasjonen
- Opne Snarveier-appen
- Gå til fana Automatisering
- Trykk Ny automatisering
- Vel Lader som utløser
- Vel "Er koblet til"
- Legg til en "Hvis"-handling: Sjekk at Søvn-fokus er aktiv
- Inne i hvis-blokken, legg til:
- Styr Hjem > Kjør scene > "God natt"
- Vel "Kjør umiddelbart" (ikke "Spør først")
Ferdig. Automasjonen ignorerer all lading på dagtid, og køyrer berre "God natt"-scena når du faktisk legg deg.
Morgonrutinen: Alarmen gir meg dagen
Når eg slår av morgonalarmen, set telefonen i gang morgonen min:
- Lyset på soverommet tenner seg mjukt (varmt, dimma lys)
- Søvn-fokus slår seg av
- Eg får eit varsel med vêrmeldinga for dagen
Slik set du det opp:
- Ny automatisering i Snarveier
- Utløser: Alarm > "Når en alarm stoppes"
- Handlingar:
- Styr Hjem > Soveromslyset > Slå på > 30% lysstyrke > Varmkvitt
- Angi fokus > Søvn > Slå av
- Hent innhold fra URL: Bruk Yr sitt API for å hente vêrdata
- Vis varsel med vêrinformasjonen
Tips: Lag ein "God morgon"-scene i Hjem-appen med nøyaktig den lysstemninga du vil ha, og aktiver den scena frå Snarveier i staden for å styre kvart lys manuelt.
AirPods-kopla til = musikk i gang
Denne er enkel, men genial. Når eg koplar til AirPods Pro, startar favorittspelelista mi på Apple Music automatisk. Du kan gjere det same med Spotify, ein podkast, eller ei lydbok.
- Ny automatisering > Bluetooth > Vel AirPods-ane dine > "Er koblet til"
- Handlingar:
- Spill musikk > Vel spelelista eller albumet du vil ha
- Eventuelt: Angi volum til eit behageleg nivå
Tips: Lag ulike automasjonar for ulike Bluetooth-einingar. AirPods = musikk, bil-Bluetooth = navigasjon + musikk, treningshøyretelefonar = treningsspeleliste.
Fokusmodus som styrer seg sjølv
iPhone har ein funksjon som heiter Fokus, og den er kraftigare enn dei fleste trur. Du kan få den til å byte automatisk basert på tid, stad, eller app. Eg har sett opp tre moduser:
Jobb-fokus
- Berre jobbappar sender varsel (Teams, e-post, kalender)
- Låseskjermen viser relevante jobb-appar og widgets (kalender, oppgåver, notat)
- Slår seg på automatisk anten basert på tid (kvardagar 08-16), eller når eg ankjem adressa til jobben. Du kan bruke begge utløysarar samstundes.
Personleg
- Alle appar sender varsel som vanleg
- Standardoppsett
Søvn-fokus
- Ingen varsel unntatt alarm
- Skjermen er mørkare
- Slår seg på automatisk ved sengetida frå søvnplanen i Helse-appen
- Utløyser ladar-automasjonen min (sjå over!)
Sett opp under Innstillingar > Fokus. Trykk på ein modus og vel "Legg til tidsplan" for tid, eller "Legg til automatisering" > Posisjon for å bruke GPS-adressa til t.d. jobben din.
Ingen heime? Alt av automatisk
I Hjem-appen kan du setje opp automasjonar basert på kven som er heime. Eg har sett opp to:
Når sistemann dreg heimanfrå:
- Alle lys slår seg av
- Ovnen på kontoret slår seg av
- Perfekt for å ikkje kaste bort straum
Når førstemann kjem heim:
- Lyset i gangen slår seg på
- Velkomen heim.
Slik set du det opp:
- Opne Hjem-appen
- Trykk + > Legg til automatisering
- Vel "Folk drar" eller "Folk ankommer"
- Vel "Når siste person drar" eller "Når første person ankommer"
- Legg til handlingane (lys av/på, omnar av/på, osv.)
Tips: Alle i husstanden må vere inviterte inn i Hjem-appen for at "sistemann/førstemann"-logikken skal fungere. Gjer det under Hjem-innstillingar > Inviter personar.
Automatisk retningslås
Eg har retningslås på heile tida, slik at skjermen ikkje roterer tilfeldig. Men i nokre appar, som YouTube, vil eg kunne snu telefonen og sjå video i liggjande format. Løysinga: ein automasjon som slår av retningslås automatisk i utvalde appar.
- Ny automatisering > App > Vel YouTube (eller andre appar der du vil ha rotasjon)
- Vel "Er åpnet"
- Handling: Angi retningslås > Av
- Lag ein til automatisering for same app, men vel "Er lukket"
- Handling: Angi retningslås > På
No roterer skjermen berre i dei appane du faktisk vil ha det i.
NFC-taggar: Trykk og ting skjer
NFC-taggar er små, billige klistremerke (ca. 5-10 kr per stk) som telefonen kan lese når du held den inntil. Du kan programmere dei til å gjere kva som helst.
Eg har:
- Ein på nattbordet (backup for ladar-automasjonen, trykk = køyr "God natt"-scena)
- Ein ved inngangsdøra (trykk når eg går = slå av alt)
- Ein på skrivebordet (trykk = slå på arbeidslyset, start musikk, aktiver jobb-fokus)
Slik gjer du det
- Kjøp NFC-taggar (søk "NFC tags" på Amazon eller Kjell & Company)
- Opne Snarveier > Automatisering > NFC
- Skann taggen
- Legg til handlingane du vil at skal skje
- Lim taggen der du vil ha den
Tips: Du kan skjule taggen bak eit bilete, under bordet, eller inne i ein bokhylle. Telefonen les den gjennom dei fleste materiale.
Køyrelisteassistenten
Når eg koplar til Bluetooth i bilen, skjer dette:
- Kartet opnar seg med ruta til neste avtale i kalenderen (viss eg har ein)
- Musikken startar på favorittspelelista mi
- Køyring-fokus slår seg på automatisk (du kan også setje dette opp under Innstillingar > Fokus > Kjøring)
Utløser: Automatisering > Bluetooth > Vel bilen din > "Er koblet til"
Du kan bruke Apple Music, Spotify, eller kva du føretrekk. Berre vel den appen og spelelista du vil ha i handlinga.
Skjermbilete-opprydding
Kvar søndag klokka 12 får eg eit varsel: "Du har X skjermbilete eldre enn 30 dagar. Vil du slette dei?"
Dei fleste skjermbilete er relevante i ca. ein dag. Etter ein månad er dei berre rot.
Sett opp i Snarveier:
- Ny automatisering > Tidspunkt > Søndag kl. 12:00
- Handlingar:
- Finn bilder > Filter: Skjermbilde, Dato er før 30 dagar sidan
- Telle > Hvis meir enn 0:
- Vis varsel "Du har X gamle skjermbilete"
- Velg fra meny > "Slett" eller "Behold"
- Viss slett: Slett bilder
Bonustips: Visste du at når du tek eit skjermbilete, kan du trykke på miniatyrvisinga som dukkar opp nede til venstre, trykke på haken, og velje "Kopier og slett"? Då kan du lime det inn i ein chat eller e-post med ein gong, utan at det fyller opp kamerarullen din. Perfekt for raske skjermbilete du berre skal sende vidare.
WiFi-QR for gjester med grøn boble
Apple-brukarar kan allereie dele WiFi-passord direkte med andre Apple-brukarar som er i kontaktlista. Men har du venner med Android (grøn boble-gjengen), fungerer ikkje det. Då er ein QR-kode genialt.
Lag ein snarveg i Snarveier:
- Tekst: WIFI:T:WPA;S:DittNettverksNamn;P:DittPassord;;
- Generer QR-kode fra teksten
- Vis resultat
Tips: Køyr snarvegen éin gong, ta skjermbilete av QR-koden, og legg det i Favoritter i Bilete-appen. Då har du det alltid tilgjengeleg utan å måtte køyre snarvegen kvar gong.
Fleire idear du kan prøve
- Lavspenning-modus automatisk: Når batteriet kjem under 20%, slå på straumsparingsmodus og dim skjermen automatisk
- Treningslogg: Når du opnar treningsappen, start ein treningsøkt på Apple Watch automatisk
- Handleliste-snarveg: NFC-tag på kjøleskapet som opnar handlelista di med eitt trykk
- Møteførebuing: 5 minutt før ein kalenderavtale, få varsel med lenke til møtet og relevante dokument
- God morgon-melding: Send automatisk ein "God morgon!"-melding til nokon du bryr deg om når alarmen går av. Perfekt for oss introverte som vil vise at vi tenker på folk, men som aldri hadde starta den samtalen sjølv klokka 07 om morgonen. La telefonen vere sosial på dine vegner.
Har du lyst til å setje opp smarte automasjonar, men synest det er litt overveldande? Eg kjem gjerne heim og set det opp saman med deg. Det er noko av det kjekkaste eg gjer.